Kort fortalt

"Den enes død, den andres brød"

Laksedød i Chile kan slå positivt ut i Noreg.

04.03.2016
(NPK): Algeoppblomstring har ført til millionar av død oppdrettslaks i Chile. Det kan få positive følgjer for prisen på norsk laks.
Marine Harvest og Cermaq er blant selskapa som har blitt ramma av algeoppblomstring ved sine anlegg i Chile, fortel Dagens Næringsliv. Oppdrettsnæringa i landet måtte gjennom fjoråret tole store tap særleg grunna bakterieinfeksjonar, og har også problem med lakselus.
– Det er nok «den enes død, den andres brød», ja. Men prisane på norsk laks ligg samtidig på så høge nivå no at det er eit spørsmål om ikkje etterspørselen vil gå ned om prisane aukar ytterlegare. Eg trur vi er nær ei grense der. Samtidig er det grunn til å tru at eit høgt norsk prisnivå vil vare ved lenger enn normalt som følgje av algekrisa i Chile, seier konsernsjef Jon Hindar i Cermaq.
Tal frå Sjømat Norge peikar mot at det truleg blir slakta tre prosent mindre laks i Noreg i år enn i fjor. Sjømatanalytikar Kolbjørn Giskeødegård i Nordea Markets viser til at marknadene og prisane på norsk og chilensk laks ikkje svingar i same takt, og er usikker på om algekrisa i Chile får direkte effekt på norske lakseprisar. (©NPK)

Publisert: 04.03.2016 11:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47