Kort fortalt

Desemberdropp i konsumprisindeksen

Billegare kle og flyreiser.

09.02.2018
NPK-NTB: Frå desember 2017 til januar 2018 gjekk konsumprisindeksen (KPI) ned 0,1 prosent. Dei siste tolv månadane har KPI auka med 1,6 prosent.
Tolvmånadersveksten i KPI var 1,6 prosent i januar, som er uendra frå desember. Det var særleg prisane på elektrisitet, matvarer og bilar som bidrog til oppgang dei siste tolv månadane. Prisnedgang på klede, sko og flyreiser trekte prisveksten i motsett retning, melder .
Ein betydeleg nedgang i klesprisane og prisane på flyreiser bidrog spesielt til nedgangen frå desember til januar, mens matvarer, alkoholfrie drikkevarer og drivstoff trekte i motsett retning.
Tilbodsaktivitet på klede og skotøy er vanleg i januar, men prisnedgangane i år var noko større enn det vi har sett dei siste åra. Tilboda omfatta eit bredt spekter av klede og sko.
Prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer auka med 2,6 prosent frå desember til januar. Spesielt sjokolade og brus viste betydeleg prisoppgang. Prisauken må sjåast i samanheng med auken i sjokolade- og sukkervareavgifta og avgifta på alkoholfrie drikkevarer frå nyttår. Noko av auken kjem også av oppgang etter juletilbod i desember.

Publisert: 09.02.2018 08:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39