Desse er med i energikommisjonen
Tidlegare konkurransedirektør er leiar.
Sørgard, som no er professor ved Noregs handelshøgskole, vart utnemnd til leiar for kommisjonen i statsråd fredag.
Kommisjonen skal evaluere situasjonen i kraftmarknaden. Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) viste til straumkrisa då ho tidlegare i vinter sa at det er naturleg at kommisjonen finn læringspunkt for seinare år.
Det blir dermed sentralt for kommisjonen å kartleggje energibehova og foreslå auka energiproduksjon, med mål om at Noreg framleis skal ha overskotsproduksjon av kraft og at rikeleg tilgang på fornybar kraft framleis skal vere eit konkurransefortrinn for norsk industri.
I tillegg til Sørgard sit mellom anna tidlegare leiar i Naturvernforbundet Silje Ask Lundberg i kommisjonen. Ho er i dag leiar for Norden-kontoret til ei internasjonal stifting for ny oljepolitikk.
Tidlegare Høgre-politikar og no administrerande direktør i Norske Boligbyggelags Landsforbund Bård Folke Fredriksen er òg med i kommisjonen. Det same er Anniken Hauglie, tidlegare Høgre-statsråd og leiar i Norsk olje og gass, som i dag er viseadministrerande direktør i NHO.
Kommisjonen er ein del av Arbeidarpartiets 100-dagersplan. Fredag har Jonas Gahr Støres regjering sete i 116 dagar, og opposisjonen etterlyste kommisjonen tidlegare denne veka.
(©NPK)
Publisert: 11.02.2022 13:43
Sist oppdatert: 11.02.2022 13:45