Kort fortalt

Det blir under 400 kommunar, spår forskar

Trur på 30 færre kommunar.

26.05.2016
(NPK-NTB): Professor Reidar Almås ved Norsk senter for bygdeforskning synest regjeringa bør vere godt nøgd om resultatet av den storstilte kommunereformsatsinga endar med at vi får under 400 kommunar i landet.
I 2014 anbefalte eit ekspertutval å redusere dei 428 kommunane i dag til 100. Almås trur derimot vi ender på rundt 400 kommunar når reforma er gjennomført – berre 30 færre enn i dag, skriv Dagbladet.
– Erna Solberg har sagt at ein måtte vere glad om ein kom under 400 kommunar. Det synest eg dei skal vere når ein ser korleis dette barkar i veg. Realismen er at ein har spurt folk og fått svar. Eg trur det blir under 400, men ikkje mykje under, seier han til Dagbladet.
Berre ein tredel av dei 105 kommunane som til no har halde folkeavstemming, har enda opp med ja. Sidan ei frivillig samanslåing krev ja frå minst to partar, betyr ikkje eit ja nødvendigvis ei samanslåing.
– Resultatet så langt viser at det er stor skepsis til reforma, men nokre unntak. Ho er elitedriven ovanfrå. Eg trur frykta for sentralisering er det som ligg under. Jamt over har sentrumskommunane svart ja, mens omeignskommunane som er redde for å bli slukte, svarar nei, seier Almås.
– Regjeringa kunne i teorien ha tvinga dette igjennom, men då trur eg dei ville tapt valet i 2017, seier han. (©NPK)

Publisert: 26.05.2016 09:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46