Nortura opplyser at det kan bli meir utanlandsk ribbe på hotell og i kantiner inn mot jul.
– Det vil vere nok ribbe i år, men litt meir importert ribbe enn normalt, fordi grensa har vore stengd ein lengre periode, seier Ole Nicolai Skulberg i Nortura, til Nationen.
Nortura driv merkevara Gilde, som garanterer norsk kjøtt. Kommunikasjonssjef Mari Hagerup forklarar at eventuelt importert produkt vil bli tatt i bruk på andre måtar.
– Dersom det ikkje er nok råvarer tilgjengeleg, vil Nortura kunne selje importert ribbe til industrikundar, og kundar i hotell-, restaurant- og kantinebransjen. Dette må likevel bli både avtalt og godkjent av kunden, seier ho.
Av importert vare er det hovudsakeleg snakk om produkt frå Tyskland, og noko frå Danmark, opplyser Nortura sitt dotterselskap for import og handel, Noridane.
Publisert: 05.11.2021 10:03
Sist oppdatert: 05.11.2021 10:03