NPK-NTB: Nordmenn ser mørkare på kor lenge koronakrisa vil vare i Noreg, ifølgje Nettavisens koronamåling. Fleire trur den vil vare ut året.
I den vekevise undersøkinga til får rundt 3.000 personar spørsmålet «Kor lenge trur du koronaepidemien vil vare i Noreg?». Deretter har dei fått svaralternativa «til påske», «til sommaren», «til jul», «fleire år» eller «veit ikkje».
Fleire enn tidlegare veker trur no at koronapandemien vil vare til jul enn tidlegare: Nesten halvparten av Noregs befolkning (46 prosent) trur at han vil vare ut året.
For to veker sidan var det til samanlikning 34 prosent som trudde pandemien ville vare til jul. Då trudde fleirtalet at pandemien ville vare til sommaren i Noreg. No trur 25,9 prosent at han vil vare til sommaren, mot 43 prosent for to veker sidan.
Det er uklart ut frå spørsmålsstillinga om folk som har svart, har tenkt på kor lenge tiltaka vil vare eller når dei trur epidemien er heilt over i Noreg, men professor og samfunnsforskar Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo meiner dei to kan henge saman.
– Så lenge ein har ein pandemi, så er nok kjensla der at ein må ta konsekvensane av det òg, seier professoren.
Aardal meiner resultata tyder på at nordmenn har god kriseforståing og er innforstått med at krisa er alvorleg og langvarig.

Publisert: 14.04.2020 07:53
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28