Kort fortalt

Det norske flagget blant topp ti

Blant de tryggeste sjøfartsnasjonene.

Marius Rosbach
22.07.2019
Noreg er nok ein gong blant topp ti på Paris MoU si rangering av verdas flaggstatar, melder .
Paris MoU, som er det europeiske samarbeidet om hamnestatskontrollar, rangerer årleg verdas flaggstatar etter talet på inspeksjonar og tilbakehaldne skip.
Dei 41 flaggstatane på «White List» i år, har høgast snittkvalitet på skipa sine, og lågast risiko for alvorlege hendingar.
Norge har vore i øvste sjiktet i ei årrekke og hamna i år på niande plass.
– Dette viser igjen at det norske flagget er eit kvalitetsflagg. Reiarlaga har hovedæra for plasseringa, men eit godt samarbeid og god dialog mellom rederi og flagg er viktig for å halda seg i toppsjiktet, seier fungerande sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim.
Øvst på prestisjelista ligg Isle of Man (UK), Bahamas, Singapore, Frankrike og Storbritannia.
Det finst også ei «Grey List» og «Black List», der kvaliteten er lågare og risikoen høgare. 18 statar hamna på førstnemnte, medan 14 hamna på sistnemnte.

Publisert: 22.07.2019 13:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33