NPK: Mens berre 7 prosent av dei som bur i dei ti største byane i Noreg, seier dei vil kjøpe dieselbil, er diesel stadig det mest populære valet på bygda, viser ei undersøking som Sentio har gjort for Nationen.
29 prosent av dei som bur på landsbygda, ønskjer seg ein dieseldriven bil neste gong dei skal ha ny bil. Likevel seier godt og vel halvparten av dei spurde at dei har elbil (23 prosent) eller hybrid (28 prosent) som førsteval. Berre 12 prosent ønskjer seg ein bensinbil.
I dei større byane drøymer to av tre om ein elbil (37 prosent) eller hybridbil (32 prosent), mens berre 13 prosent kan tenkje seg ein som går på bensin.
Sals- og marknadssjef Tore Hustad i Madsen Bil i Verdal trur utvalet av hybrid- og elbilar rett og slett er for dårleg til at desse bilane kan slå an på bygda.
– Vi bur i eit distrikt der dei fleste som kjøper ny hovudbil, vil ha ein høg bil med firehjulstrekk og automatgir. Da er det ikkje mange elbilalternativ bortsett frå Tesla, seier Hustad til .

Publisert: 28.12.2017 10:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40