Skipsteknisk sea1 offshore illustrasjon Skipsteknisk
TO TIL: Skipstenisk står for designet av i alt slike båtar for Sea 1 Offshore. Illustransjon: Skipsteknisk
Kort fortalt

Dobbelkontrakt for Skipsteknisk

Skal levere design til Sveaas-dominerte selskap.

28.03.2025

I november i fjor fekk Skipsteknisk i Ålesund oppdraget med å designe to 120 meter lange fartøy for offshore-operasjonar for det Christen Sveaas-dominerte reiarlaget Sea 1 Offshore.

No kjem reiarlaget attende og bestiller design på ytterlegare to fartøy, fortel Skipsteknisk i ei pressemelding.

Det er verftet Coscos Nantong i Kina som skal bygge alle fire fartøya. Dei skal leverast i 2027.

Båtane frå 1400 kvadratmeter dekksareal og ei 250 tonn subseakran.

Bjørn Oscar Kløvning i Skipsteknisk seier det er bra aktiviet i marknaden for offshore- og fornybare energi-fartøy, og at selskapet ser etter fleire tilsette.

I fjor hadde Skipsteknisk omlag 170 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på omlag 45 millionar kroner, ifølgje Kløvning. Han er ein av medeigarane i selskapet.

Publisert: 28.03.2025 15:08

Sist oppdatert: 28.03.2025 15:08