Kort fortalt

Dobla størjekvote i 2018

Får fiske 104 tonn.

12.01.2018
NPK: Norske fiskarar får i år fiske dobbelt så mykje makrellstørje som i fjor, skriv Fiskeribladet.
Av totalkvoten på 28.200 tonn får Noreg 104 tonn i 2018. Det er ei dobling av kvoten i fjor på litt over 52 tonn. Samtidig er den norske delen av totalkvoten auka samanlikna med i fjor. Den skal også bli større i 2019 og 2020.
Det er førebels ikkje bestemt kor mange fartøy Noreg skal ha med i fisket. Dei siste tre åra har det vore opna for eitt ringnotfartøy og eitt linefartøy.

Publisert: 12.01.2018 11:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40