Dof er redda
Lite att til aksjonærane.
Offshoreselskapet Dof opplyser i ei børsmelding onsdag at ein har kome tils emje om ein restruktutreringsavtale med kreditorane.
Dof hadde ei samla gjeld på 18,7 milliardar kroner, som no er kutta til 13,0 milliardar ved at 5,7 milliardar kroner av gjelda vert omgjort til aksjar.
Samstundes skal dei fleste låna slåast saman til eitt lån.
Resultatet av redningspakken er at det blir store forandringar i eigarstrukturen. Obligasjonseigarane vil sitje att med 53,33 prosent, andre kreidtorar med 42,67 prosent, medan resten går til dagens aksjonærar.
Helge A. Møgster og Møgster Offshore, som i dag er største aksjonær med 31,6 prosent av aksjane, har stadfesta støtte til planen.
Publisert: 22.06.2022 09:07
Sist oppdatert: 22.06.2022 09:07