(NPK-NTB): Luftfartstilsynet har hittil i år registrert 16 hendingar der dronar har vore innblanda, inkludert fire ulykker og fem nestenulykker.
– Vi får rapportar frå flygarar og tårn der dronar har vore observert i luftrom som høyrer til ei lufthamn eller vore i konflikt med fly eller helikopter, seier seksjonssjef Thomas Hytten i Luftfartstilsynet (LT) til NTB.
Sidan registreringa starta i 2011 har tilsynet registrert 67 saker, heile 27 av dei i 2015 og 16 hittil i 2016. Nokre gonger går det gale eller nesten gale, og dronar styrtar, krasjar eller sneiar andre i lufta.
Luftfartstilsynet kallar det ein markant auke av meldingar og saker. For å fly dronar kommersielt eller til nytte må ein vere operatør. Det er no registrert eller godkjent 1.475 operatørar i Noreg, med ei dagleg tilstrøyming på rundt 30 eigenerklæringar og søknadar. (©NPK)

Publisert: 04.08.2016 08:40
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44