NPK-NTB: Stortinget vedtok i går å oppheva klimanøytralitetsmålet, som hadde som mål å oppnå null klimagassutslepp i 2030, skriv Altinget.
Fleirtalet som fekk vedtaket igjennom, består av Frp, Høgre, Raudt, KrF og Senterpartiet. Forslaget vart fremja av Sp i november i fjor.
– Det er bra at stortingsfleirtalet no blir med på ei opprydding i klimapolitikken. I ti år har me hatt eit særnorsk klimanøytralitetsmål som verken Storting eller regjering veit kva inneber, kostar eller korleis skal nåast. Slik kan me ikkje halda fram, seier energipolitisk talsperson for partiet Maren Grøthe til Altinget etter det vart klart at eit fleirtal støtta forslaget.
Målet om å vera klimanøytralt frå 2030 vart vedteke i 2016, etter at Parisavtalen vart signert. Det vart vedteke mot stemmene til Høgre og Frp.
Publisert: 27.02.2026 07:52
Sist oppdatert: 27.02.2026 07:52





