(NPK): Eit vestlandsfylke som strekkjer seg frå Agder i sør til Trøndelag i nord er ønskedraumen til stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).
Draumefylket til stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane ville i så fall fått rundt 1,4 millionar innbyggjarar og ha vore ei samanslåing av Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
– Eg jobbar for å få til ein vestlandsregion. Det vil vere ein gigant samanlikna med andre delar av landet, seier Bjørn Lødemel frå Hornindal til .
Han meiner eit stort og sterkt vestlandsfylke er viktig for å skape ei motvekt til makta på Austlandet.
Innan desember i år må dei 19 fylkestinga seie sitt om kva fylke dei vil slå seg saman med. Planen er at dei nye og større regionfylka skal vere på plass frå 1. januar 2020. (©NPK)

Publisert: 01.08.2016 15:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45