Tafjord kraftliner foto Tafjord Kraft
DYRARE: Straumprisane har vore svært høge denne veka, med ein topp tysdag. Foto: Tafjord Kraft
Kort fortalt

Dyr straum - Frp bekymra for næringslivet

Høgaste straumpris på fleire år gir uro.

12.02.2026

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Denne veka har straumprisane vore høgare enn på lenge. Frp fryktar eit konkursras i næringslivet.

– No går vi mot veldig låg fyllingsgrad, så dette er berre forsmaken på dei prisane som kjem til å komma. Og næringslivet står heilt utan tiltak. Vi i hushalda har fått noregspris, noko som gjer at staten tek ein del av rekninga. Eg fryktar for veldig negative konsekvensar for norsk næringsliv og norsk industri, seier Marius Arion Nilsen i Frp til NTB.

Han viser mellom anna til at industrikonsernet Elkem tysdag kunngjorde at dei set produksjonen på pause i Rana og Salten og varslar moglege permitteringar som følgje av dyr straum og krevjande marknad.

Tysdag denne veka hadde alle straumprissonene i landet utanom Sør- og Sørvestlandet ein straumpris på over 2 kroner per kilowattime i snitt. Klokka 7.45 var prisen på Austlandet oppe i 3,95 kroner per kilowattime. I Nord-Noreg var prisen på 3,93 kroner på same tidspunkt – den høgaste på over tre år.

Onsdag tok Nilsen opp saka med næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) i Stortinget.

– Eg er veldig bekymra, og eg fryktar at regjeringa ikkje kjem til å gjera noko før konkursraset kjem. Då er det litt seint, seier han.

Myrseth viste til at regjeringa har lagt til rette for fastprisavtalar på straum for næringslivet.

– I januar kunne bedrifter i prisområdet NO2 inngå fastprisavtale på ned mot 66 øre per kilowattime. I tillegg har regjeringa sørgt for lågare nettleige. Endringane i statsbudsjettet for 2026 medfører også ein samla reduksjon i elavgiftene på 1,9 milliardar kroner. Samtidig blir flaskehalsinntektene brukte på å halda nettleiga nede i område med høge straumprisar, sa Myrseth.

Nilsen meiner det ikkje er nok. Han viser til at Tyskland jobbar med ein «industripris» på straum med eit tak på 5 eurocent per kilowattime.

– Eg seier ikkje nødvendigvis at vi skal gjera det same i Noreg, men skal ein då sitja og sjå på desse straumprisane? Og samtidig sette vi ny eksportrekord på straum i fjor på 22,8 terawattimar. Alle hushalda i Noreg bruker 35 terawattimar, seier han.

(©NPK)

Publisert: 12.02.2026 09:52

Sist oppdatert: 12.02.2026 09:52

Mer om