Kort fortalt

Dyrare med elbil

Varslar slutten på gratiskøyring med elbil.

29.02.2016
(NPK-NTB): Det vil bli dyrare å køyre elbil i tida som kjem, varslar transportetatane. Pengane skal brukast på å finansiere kollektivtransport og tiltak for gåande og syklande.
I forslaget til Nasjonal transportplan (NTP) for 2018– 2029 skriv etatane at elbilar må gå frå ingen til låge avgifter og at dei må begynne å betale bompengar – sjølv om dei framleis vil få lågare sats enn bensin- og dieselbilar.
«Alle incitamenta for overgang til null- og lågutsleppskøyretøy skal vere tidsavgrensa. Alle køyretøy bidrar til svevestøv, støy og kø, og alle treng tilnærma same areal til køyring og parkering», skriv etatane.
Likevel blir det understreka at elbilar og lågutsleppskøyretøy skal vere billigare i bruk enn bensin og diesel.
Etatane vil la elbilistar fortsette å køyre i kollektivfelt, men berre på dei stadane der bilistane ikkje hindrar kollektivtransporten. (©NPK)

Publisert: 29.02.2016 12:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47