(NPK-NTB): Forbrukarrådet reagerer på at offentlege verksemder brukar dyre femsifra telefonnummer til sine servicetelefonar. – Dårleg service, meiner rådet.
– Offentlege etatar må byte ut sine femsifra nummer med vanlege nummer som ikkje kostar noko meir, seier fagdirektør for offentlege tenester og helse i Forbrukarrådet Anne Kristin Vie til .
Ho meiner at det rett og slett er dårleg service at forbrukarane må betale ekstra når dei ringjer sjukehus, politi eller kommunale etatar.
– Alle telefonoperatørar tar meir betalt for ein samtale til eit femsifra nummer enn eit vanleg telefonnummer. Ein 10 minutt lang samtale vil som regel koste ein stad mellom 20 og 30 kroner, avhengig av kva operatør ein har, seier ho.
Det er teleoperatørane som får fortenesta på slike nummer, ikkje dei verksemdene som nyttar dei.
Også Forbrukarrådet har tidlegare hatt eit slikt femsifra telefonnummer, men kutta bruken av dette i fjor. (©NPK)

Publisert: 25.05.2016 09:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46