Kort fortalt

Dårleg forbrukarinformasjon på nett

Tre av fire nettbutikkar braut lova.

17.11.2015
(NPK-NTB): Eit klart fleirtal av nettbutikkane Forbrukarombodet nyleg kontrollerte braut lova ved å gi manglande forbrukarinformasjon.
– Eg er skuffa over at det ikkje var betre, seier forbrukarombod Gry Nergård til
Heile 99 av 130 undersøkte butikkar følgde ikkje angrerett- og ehandelslova då Forbrukarombodet gjennomførte tilsynet 19. og 20. oktober. Blant nettbutikkane som hadde ein eller fleire manglar knytt til verksemda si, er store aktørar som IKEA.no, Expert.no, Elkjop.no, Ellos.no og XXL.no.
Hos dei 99 nettbutikkane som braut lova, blir det særleg trekt fram manglar rundt informasjon om kven som skal betale returkostnadar dersom du ikkje vil behalde eller bytte vara. Nergård trur mange blir lurt til å tru at nettbutikken betalar returkostnadane, mens det eigentleg er forbrukaren som må ta den rekninga – med mindre anna er spesifisert.
60 av nettbutikkane opplyste ikkje om lengda på angrefristen og når han starta. 49 kontrollerte hadde ikkje god nok informasjon om korleis ein kunne komme i kontakt med kundeservice og ikkje alle opplyste om totalsummen. Det kan koste meir å betale med eit spesielt kort, eller så blir frakt og leveringsmåte lagt til.
– Det mest alvorlege er at mange har hatt rett til å angre seg, men ikkje fått godt nok høve til å nytte denne retten. Mange har sikkert ikkje komme i kontakt med kundeservice eller så har dei fått ekstrakostnadar. Det er sentrale og viktige forbrukarrettar, seier Nergård. (©NPK)

Publisert: 17.11.2015 08:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50