(NPK): Det er også lite yngel. Slik har det vore i meir enn ti år.
– Låg gytebestand, ustabile isforhold under gytinga om vinteren saman med høgare temperaturar seint på sommaren og tidleg om hausten er moglege årsaker til den dårlege rekrutteringa, skriv t som har gjennomført eit tokt for å sjekka økosystemet i området.
Toktet viser at ein sterk årsklasse frå 2002 har bore bestanden av polartorsk i fleire år. I tillegg viser toktet at biomassen til polartorsken er det lågaste på 25 år.
Instituttet skriv vidare at dårleg rekruttering og større overlapping med torsk fører til auka beiting på polartorsk. Samtidig er det venta at høgare temperaturar truleg vil føra til mindre plankton, noko som igjen påverkar mattilbodet for polartorsken, som er viktig føde for både torsk, blåkveite, sel og kval.
Havforskingsinstituttet meiner at det i åra framover blir viktig å halda oppe og kanskje auka overvakinga i Barentshavet for å følgja med på situasjonen for økologisk viktige fiskeressursar. (©NPK)

Publisert: 29.10.2015 17:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50