(NPK): Dagen etter at Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok å selje Fjord1 til Torghatten, steig verdien av sistnemnde selskap unormalt.
Den 23. november aksepterte Fylkestinget bodet frå reiarlaget frå Nordland. Dagen etter steig verdien av Torghatten med 14 kroner per aksje, skriv Firda.
– Det er ein svært stor oppgang og eit godt teikn, seier finansprofessor ved NHH Thore Johnsen til avisa.
Det er eit godt teikn for Torghatten, men ikkje for fylkeskommunen. Til saman steig verdien av aksjane med nær 128 millionar kroner den dagen. Aksjeutviklinga til selskapet med hovudkontor i Brønnøysund var solid i heile 2015, men hoppet som kom dagen etter vedtaket om sal, er ikkje normalt, fortel Firda.
– Typisk for eit slikt sal ville vere at aksjane til seljaren gjekk opp i verdi, medan kjøparen gjekk ned. Dette fordi marknaden reknar med at mykje av vinsten vil gå til seljaren, forklarer Johnsen.
Finansprofessoren meiner det er dermed er grunn til å tenkje at prisen har vore for låg, sett ut får reaksjonen i marknaden.
– Sanninga får vi først vite seinare, men basert på det vi veit no, har dette vore eit dårleg sal for fylkeskommunen. Kjøparen har vore flink, seier Johnsen. (©NPK)

Publisert: 30.12.2015 11:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49