Kort fortalt

Dårlegare resultat for Marine Harvest

Laksegiganten Marine Harvest fortset nedgangen i tredje kvartal.

28.10.2015
(NPK-NTB): Noko av årsaka er aukande kostnadar knytt til lakselus, ifølgje selskapet.
Selskapet oppnådde eit driftsresultat på 720 millionar kroner i tredje kvartal i år, mot 912 millionar kroner i same kvartal i fjor. Driftsinntektene var på 6.910 millionar kroner, mot 6.202 millionar kroner i same periode i fjor.
Resultatet før skatt enda på 390 millionar kroner i tredje kvartal, mot 492 millionar kroner i same periode i fjor.
– Aukande lakselus-kostnadar i Noreg er ei uro. Lakselus er den største utfordringa for næringa. For å overvinne denne har Marine Harvest implementert ein ny lakselus-strategi. Det er sterk etterspørsel etter laks i Europa, og marknadsbalansen for 2016 venta å vere stram, seier konsernsjef Alf-Helge Aarskog i ei pressemelding onsdag morgon.
Styret i Marine Harvest har vedteke eit kvartalsutbyte på NOK 1,40 per aksje, noko som er høgare enn analytikarar har venta, ifølgje .

Publisert: 28.10.2015 09:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50