Dæhlie vil bygge hotell i Volda
Målet er å vere ferdig i slutten av 2026.
Den tidlegare skikongen Bjørn Dæhlie meiner det et behov for eit nytt hotell i Volda og vil gjerne inkludere det i satsinga si i sunnmørsbygda, skriv Møre-Nytt.
Dæhlie sitt selskap Sisa Invest kjøpte seg nyleg inn i Aasenkvartalet der det er planar om å bygge inntil 10.000 kvadratmeter med næringsareal.
– Dette området har god lokasjon, og vi ønskjer å knyte til oss ein solid hotelloperatør, seier Dæhlie til avisa.
Torsdag var han i Volda saman med sonen Sivert Dæhlie og arkitekt Thomas Bjørn Marschall. Satsinga skal skje i tre byggesteg og Sisa Invest har opsjon på å utvikle andre byggetrinn, ifølgje avisa.
Satsinga har ei kostnadsramme på 300-400 millionar og målet er at alt skal stå klart i slutten av 2026. No er jakta på fleire leigetakarar i gong.
Publisert: 07.09.2023 17:43
Sist oppdatert: 07.09.2023 17:44