Dæhlie-firma satsar i Volda
Vil bygge i Aasenkvartalet.
Volda Utvikling As sel alle aksjane i Aasen Eigedom 1 til selskapet Sisa Invest. Det kjem fram i ei pressemelding sitert av Sunnmørsposten.
Planen er å bygge inntil 10.000 kvadratmeter med næringsareal i Aasenkvartalet.
– Vi er imponert over arbeidet som er lagt ned lokalt rundt utvikling av Aasenkvartalet, og vi såg med ein gong potensialet i prosjektet når vi fekk dette presentert. Vi har stor tru på regionen og ønsker å bidra med vår kompetanse, nettverk og kapital i realisering av dette viktige prosjektet for Søre Sunnmøre, uttalar styreleiar Bjørn Dæhlie i Sisa Invest i meldinga.
Styreleiar Thomas Lundberg i det kommunalt eigde selskapet, Volda Utvikling, meiner dei har funne ein investor som både har kapital og langsiktig horisont – i tillegg til å ha kompetanse og kapasitet til oppgåva.
Publisert: 31.08.2023 14:41
Sist oppdatert: 31.08.2023 14:41