Kort fortalt

Døydde i arbeidsulukke

Fekk betongelement over seg.

08.07.2022

Ein mann i 40-åra frå Trøndelag omkom i ei arbeidsulukke i Molde fredag, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

Dødsfallet skjedde i samband med løfting av eit fleire tonn tungte betongelement på ein byggeplass aust for sentrum.

– Eit betongelement losna og ein person fekk det over seg, seier operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt, Tor André Gram Franck til kanalen.

Publisert: 08.07.2022 15:25

Sist oppdatert: 08.07.2022 15:27

Mer om