Kort fortalt

E39 i Sunnfjord stengd etter ras

Steinras ved Jølstravatnet.

23.11.2023

NPK-NTB: Europaveg 39 er stengd ved Litleneset ved Jølstravatnet i Sunnfjord på grunn av ras. Ein geolog skal undersøkje området før vegen blir opna igjen.

– Ein geolog skal ta ei vurdering innan klokka 9, seier trafikkoperatør Tor Evensen ved Vegtrafikksentralen vest til NTB.

Det var klokka 1.21 natt til torsdag at Vest politidistrikt melde om eit mindre steinras som trefte ein lastebil.

Ingen vart skadde, og lastebilen køyrde vidare.

Ein times tid seinare melde Vegtrafikksentralen vest at det dreidde seg om ein større stein og nokre mindre som har hamna i vegbana.

Ved 3-tida vart vegen meld stengd.

Det er omkøyring for personbilar via fylkesveg 5690. For tyngre køyretøy er omkøyringa via riksveg 5 og fylkesveg 615 nordover og riksveg 5 sørover.

Publisert: 23.11.2023 08:17

Sist oppdatert: 23.11.2023 08:17