Kort fortalt

Edvard Grieg er i gang

28. november starta produksjonen på Edvard Grieg-feltet.

30.11.2015
– Eg er svært stolt over at vi leverer første olje på Edvard Grieg i samsvar med tidsplan og innanfor budsjettet. Dette er en bemerkelsesverdig prestasjon av vårt norske prosjektteam, våre kontraktørar og underleverandørar med støtte frå våre partnarar og norske myndigheiter, seier konsernsjef Alex Schneiter i Lundin Petroleum, ifølge ei pressemelding.
Tyske Wintershall er ein av partnerane. I ei pressmelding frå Wintershall vert det vist til at Tysklands største internasjonale olje- og gassprodusent dermed styrkar sin posisjon som ein av dei store produsentane på norsk kontinentalsokkel.
Det Lundin-opererte feltet, som vart oppdaga i 2007, er utbygd med ei botnfast stålplattform.
Feltet vil etter planen produsere olje og gass i minst 25 år framover.

Publisert: 30.11.2015 11:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49