Kort fortalt

Eid bankar Førde på bustader

Bygging av 47 nye bustader vart sett i gang i Eid i fjor. - Ekstra kjekt å slå Førde, seier ordføraren.

Ivar Myklebust Longvastøl
19.02.2014
- Eid er berre slått av Flora med 103 og Sogndal med 62, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) til Fjordabladet, og referer til dei 26 kommunane i fylket.
Førde som har vakse desidert mest i Sogn og Fjordane dei siste tiåra, kom ut med beskjedne 41 igangsette bustader i 2013.
Bjørlo lovar at veksten skal halde fram og viser til attraktive bustadfelt, som Hogaåsen nær Nordfjordeid sentrum med plass til over 150 nye bustader. Les meir .

Publisert: 19.02.2014 15:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21