Totalt vart overskotet på 11,6 millionar kroner. Dette viser førebels rekneskap for 2015, opplyser kommunen i ei pressemelding.
- Det er svært gledeleg at Eid kommune kjem ut med eit overskot i 2015, seier rådmann Åslaug Krogsæter, i meldinga.
- Dette gjer det mogleg å setje av midlar på disposisjonsfondet som no er tomt. Det vil også trygge tenestene i Eid kommune i ei tid då det er mykje uro i den globale rente- og aksjemarknaden og det er usikkert om vi oppnår budsjettert avkasting på kommunale fond for 2016.
- Det er også gledeleg at dei samla driftsutgiftene er i samsvar med budsjettet vi hadde. Det betyr at vi har god styring i alle ledd i organisasjonen, seier rådmannen.

Publisert: 17.02.2016 09:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48