Kommunen skal byggje eit nytt, heildøgns omsorgssenter og ønskjer i samband med det å samarbeide med "Nasjonalt program for leverandørutvikling" og næringslivet om å finne nye løysingar for velferdsteknologi som skal møte behova for framtidas omsorgssenter, går det fram av ei pressemelding frå Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) i Sogn og Fjordane og Eid kommune.
Ikkje berre skal offentlege institusjonar bli betre innkjøparar, men leverandørane, ikkje minst lokale bedrifter, skal samstundes stimulerast til produktutvikling og nye løysingar.
- Metoden er godt testa ut i fleire kommunar, og det har vore stor suksess i både små og store kommunar, seier prosjektleiar for det nasjonale programmet, Tore André Sines, ifølgje pressemeldinga.
Undersøkinga avslørte også at mange bedrifter meiner at dei offentlege anboda er kompliserte og at ei av den grunn kvir seg for å levere tilbod.
Produktutvikling
Det er NHO og interesseorganisasjonen til kommunane, KS, som står bak det ambisiøse programmet:Ikkje berre skal offentlege institusjonar bli betre innkjøparar, men leverandørane, ikkje minst lokale bedrifter, skal samstundes stimulerast til produktutvikling og nye løysingar.
Betre dialog
- Dette handlar om den tidlege dialogen, der behovet blir definert og lagt fram for leverandørane gjennom ein dialogkonferanse. Bedriftene kan på den måten vere med å tenke nytt, fremje forslag til moglege løysingar, eller kanskje utvikle heilt nye metodar og produkt for å dekke behovet, seier Marit Gjerstad i NHO Sogn og Fjordane.Doffin neste
Etter dialogmøta vil oppdraget bli lyst ut på Doffin (Databasen for offentlege innkjøp) på vanleg måte, men då med ein god og funksjonell kravspesifikasjon.- Metoden er godt testa ut i fleire kommunar, og det har vore stor suksess i både små og store kommunar, seier prosjektleiar for det nasjonale programmet, Tore André Sines, ifølgje pressemeldinga.
Ein viktig kunde
Ei undersøking som Næringsbarometeret i Sogn og Fjordane gjorde i oktober i 2013, viser at .Undersøkinga avslørte også at mange bedrifter meiner at dei offentlege anboda er kompliserte og at ei av den grunn kvir seg for å levere tilbod.
Publisert: 23.01.2014 13:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:22





