Kort fortalt

Eid veks mest

Eid passerer 6000 innbyggjarar.

21.12.2015
Eid kommune vil ved årsskiftet for første gong ha over 6.000 innbyggjarar ved inngangen til eit nytt år, og veks i 2015 mest i Nordfjord. Det syner nye folketalsprognoser lagt fram av Statistisk Sentralbyrå.
Folkeveksten i Eid vil etter prognosane vere 35 personar i 2015, slik at folketalet ved årsskiftet er 6.022 personar.
- Folketalsveksten er gledeleg, og samla har no folketalet i Eid auka med 100 personar dei siste to åra.
- Med nye planlagde store bustad- og handels-/næringsutbyggingar i 2016 og 2017 ligg alt til rette for ytterlegare folketalsvekst i Eid åra framover, seier ordførar Alfred Bjørlo (V), i ei pressemelding.

Publisert: 21.12.2015 08:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49