Kort fortalt

Eidsdal kraftverk selt

Fjord-kraftverk med finske eigarar.

01.02.2022

Finsk Kraft og eit nystarta småkraftselskap, Cadre, har kjøpt aksjane i Eidsdal Kraft, melder Storfjordnytt.

Sju grunneigarane står bak kraftverket i Fjord kommune. Dei fortel til avisa at dei er godt nøgde med avtalen.

– Eidsdal Kraft passar godt inn i porteføljen vår. Vi eig frå før Tryggestad, Stardalen og Befring i prisområde NO3, og vi vil halde fram med å investere i denne delen av landet, seier Antti Vilkuna, dagleg leiar i Finsk Kraft, i ei pressemelding.

Det finske selskapet eig allereie seks kraftverk i Norge, og Cadre-selskapet skal drifte desse.

Publisert: 01.02.2022 16:41

Sist oppdatert: 02.02.2022 09:20

Mer om