Kort fortalt

Ein av tre køyrer mindre

Høge drivstoffprisar endrar køyrevanar

26.07.2022
(NPK-NTB): Éin av tre svarer at dei køyrer mindre enn før som følgje av dei høge drivstoffprisane. Dei som tener lite, er dei som i størst grad endrar køyrevanar.

Den landsrepresentative undersøkinga er gjort av Norstat blant norske bileigarar på oppdrag frå Naf.

I dei tre lågaste inntektsgruppene er det mellom 40 og 45 prosent som har kutta ned på køyringa, medan i gruppene med inntekt frå 600 000 og oppover er det mellom 21 og 14 prosent som svarer det same, skriv Naf i ei pressemelding.

Blant dei med låg inntekt er det også færre som oppgir at dei har bestemt seg for å gå over til elbil. Ingunn Handagard, pressesjef i Naf, meiner dei høgre prisane på drivstoff forsterkar forskjellane.

– For mange er ein elbil rett og slett ikkje innan rekkjevidd, sjølv om dei gjerne skulle bytt. Dei med lågast inntekter er i mindre grad sikre på at dei får bytt til elbil, seier Handagard.

På landsbasis svarer 26 prosent – noko som svarer til éin av fire – at dei har bestemt seg for, eller vurderer å byte til elbil.

Blant dei med inntekt over 700.000 kroner i året er delen betydeleg høgare – 34 prosent svarer det same. Blant dei med inntekt over 1 million kroner svarer heile 37 prosent at dei vurderer, eller har bestemt seg for, å byte til elbil.

(©NPK)

Publisert: 26.07.2022 13:52

Sist oppdatert: 26.07.2022 13:53

Mer om