– Vi må vedgå at ting ikkje har utvikla seg slik vi hadde venta oss i Høyanger, seier ordførar Petter Sortland (Ap), til avisa Firda.
Høyanger kommune leigde i 2011 og 2012 firmaet Placement AS for å personar frå Nederland, Belgia og Tyskland til å flytte til kommunen. Då avtaleperioden var ute hadde berre fire personar flytta til Høyanger, og av dei har tre flytta frå kommunen.
Prislappen på prosjektet er over ein million kroner, fortel ordføraren, som var næringssjef då konsulentselskapet vart hyra inn.
Fiaskoen vert forklart med langt færre nye jobbar enn venta.
Høyanger kommune har vore gjennom ei voldsom omstilling etter at bilfelgfabrikken Fundo med 300 arbeidsplassar gjekk konkurs. I tillegg har det Hydro-eigde aluminiumsverket rasjonalisert og kutta stillingar.
SIVA bygde i 2012 ein flunkande ny fabrikk på Kyrkjebø som skulle huse produksjonen til Nordic Power Systems AS, eit selskap som utvikla ein ny type brenselsceller. Planen var å sette i gang produksjon med 60-100 stillingar på sikt, men dette vart ikkje noko av då produksjonen av brenselsceller vart lagt på is.
Les meir .

Publisert: 17.02.2014 10:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21