Kort fortalt

Einsam øy søkjer bonde

Er du bonde og har lyst på nokre år i eksil?

25.01.2016
(NPK): Den britiske jordbruksorganisasjonen NFU er på leiting etter ein erfaren bonde som ikkje har noko imot å bu nokre år i eksil. Jordbrukskunnskap trengst nemleg på den avsidesliggjande øygruppa Tristan da Cunha i Sør-Atlanterhavet.
Øygruppa er britisk oversjøisk territorium og består av seks små øyar, der berre ei er busett. Dei totalt 265 innbyggjarane bur i hovudstaden Edinburgh (Edinburgh of the seven seas) og det er også her den nye bonden skal halde til. Der finst skule, kyrkje, butikk, pub, kafé, sjukehus, museum, golfbane og turistkontor.
Vedkommande skal hjelpe til med dyrehald og jordbruk, og vere med å gjere øyane sjølvforsynte med mat, fortel
NFU leitar helst etter britiske kandidatar med erfaring frå både buskapsdrift, fruktdyrking og drivhusdyrking. På øya finst det 500 sauer og 300 kyr.
Det går båt til og frå fastlandet i Sør-Afrika berre ni gonger i året, så ein bør ikkje vere for mykje plaga av heimlengsel. (©NPK)

Publisert: 25.01.2016 10:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48