(NPK-NTB): No er det offshoreverksemda som skal effektiviserast.
Leiinga i konsernet orienterte dei tilsette om vedtaket knytt til programmet «driftsbemanning 2016-2019» måndag. Det er ikkje avgjort enno at nokon stillingar skal kuttast, melder .
– Det som er konklusjonen, er at ein innanfor den neste treårsperioden ser eit effektiviseringspotensial på vel 600 årsverk, seier mediekontakt for Statoils drifts- og leiteaktivitetar på norsk sokkel Morten Eek.
Eit dramatisk og uventa omfattande vedtak, i og med at bemanninga i offshoresektoren allereie er skoren til beinet, meiner konserntillitsvald i fagforeininga SAFE Bjørn Asle Teige.
– Vi fryktar både at dette vil føre til at risikonivået aukar, og at driftseffektiviteten går ned. Det vil føre til eit inntektsfall for Statoil i milliardklassa, seier han.
Statoil-leiinga håpar å få tatt mykje av nedbemanninga gjennom såkalla naturleg avgang, blant anna fordi mange er venta å gå ut i pensjon dei neste åra.
– I tillegg kjem utfasing av felt, og ikkje minst vil nye felt som kjem i drift, danne grunnlaget for at stillingar kan flyttast, seier Eek. (©NPK)

Publisert: 22.08.2016 23:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44