Kort fortalt

Eitt av 34 ankerhandteringsfartøy i aktivitet

Berre Havila Jupiter i arbeid.

28.01.2016
(NPK): Blant dei over tretti ankerhandteringsfartøya som knivar om korte oppdrag i Nordsjøen, er det berre eitt som for tida er i arbeid.
«Havila Jupiter» eigd av Havila Shipping er det einaste ankerhandteringsfartøyet i spotmarknaden som er på kontrakt og har inntening, fortel Dagens Næringsliv. 31 fartøy er ledige, medan to er til vedlikehald. Dei fleste ledige fartøya ligg i eller ved hamn i Bergen og Aberdeen, ifølgje avisa. 29 ankerhandteringsfartøy ligg frå før i opplag som følgje av fallet i oljepris og utgiftskutt i oljeselskapa.
Skipsmeklar Gøran Røstad i meklarhuset Westshore i Kristiansand vedgår at det ikkje ser bra ut at så mange ankerhandteringsfartøy ikkje er i drift, men viser til at opphopinga av arbeidsledige båtar ikkje var uventa. Det er dessutan normalt for denne flåten med store svingingar i utnyttingsgraden, fortel Røstad. (©NPK)

Publisert: 28.01.2016 13:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48