Edvard lie ekornes 11
MYKJE ER USIKKERT: Hovedtillitsvalgt Edvard Lie ved Ekornes påpeiker at det er mykje som er usikkert i høve salet til USA framover. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Ekornes stressa over Trump-toll

– Ein veldig uføreseieleg situasjon, seier hovudtillitsvalt.

21.01.2026

(NPK-NTB): Møbelprodusenten Ekornes i Sykkylven, som har USA som sin største enkeltmarknad, kan bli hardt ramma av dei nye tolltruslane frå Trump.

Under pandemien hadde Ekornes sterk vekst, men Ukraina-krigen, høg rente, råvareprisar og tollsatsar har ført til ein vanskeleg situasjon for dei no rundt 1200 tilsette på fabrikken, skriv Nationen.

– Det er klart vi er urolege. Førebels har det gått bra, men det er ein veldig uføreseieleg situasjon, seier klubbleiar Edvard Lie. som har jobba ved fabrikken i 40 år.

USAs president Donald Trump har varsla ein straffetoll på 10 prosent, som trer i kraft 1. februar som følgje av Noregs støtte til Danmark i Grønland-saka.

Det kjem i tillegg til dei 15 prosentane som allereie er innførte på varer som blir eksporterte til USA.

Arne Melchior, forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), meiner det er lettare for andre næringar som sjømatnæringa å bli omdirigert til andre marknader enn for industribedrifter.

– Om du eksporterer møblar til USA, til dømes lenestolar, er det ikkje berre å finna nye marknader. Då er ofte USA heilt avgjerande, seier Melchior.

Melchior, som forskar på internasjonal handel og global utvikling, meiner Trump bryt internasjonale handelsreglar.

Publisert: 21.01.2026 05:55

Sist oppdatert: 21.01.2026 05:55

Mer om