(NPK-NTB): – De har ikkje moglegheit til å ta vare på ein million turistar som kjem hit, så de må tenkje strategisk i dag, for framtida, seier Christopher Doyle til . Han er direktør i Adventure Travel Trade Association, ein rådgjevande organisasjonen for reiselivsbedrifter over heile verda, og deltar på Norsk opplevingskonferanse i Svolvær. Der er målet nettopp å førebu reiselivet på framtida.
– Om tjue år, ønskjer de ein million turistar hit til denne vakre pletten på jorda? Antakelegvis ikkje, seier Doyle. Han meiner utfordringa for det lokale reiselivet blir å takle femti år med aukande turisme, og organisasjonen han leier meiner altså at kvotar er løysinga.
– Eg veit det allereie blir tenkt i eit fem til ti års perspektiv, men det eg ikkje høyrer noko om er korleis Noreg skal sjå ut om femti år. For enkelte tilreisande kjem det til å bli kvotar.
Kvart år tek Lofoten imot nesten 15 gonger så mange turistar som det er fastbuande.
Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv meiner det er plass til fleire gjester, om ein spreier belastninga. Ho seier samtidig at enkelte cruisemål har avgrensingar på kor mange som får gå i land, men seier slike avgrensingar må bestemmast lokalt.

Publisert: 30.10.2015 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50