Kort fortalt

Eksplosjon av elbilar i distrikta

Nesten ni av ti nye bilar går på straum.

04.04.2023

(NPK): Nesten ni av ti nye bilar i distrikta er elbilar så langt i år. Det er høgare del enn i byane.

Så langt i år er 87 prosent av alle nye bilar i distrikta ein elbil.

– Dette ein er oppsiktsvekkjande høg del. Det verkar som om interessa for elbilar byrjar å komme for fullt også i distrikta, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF i ei pressemelding.

Det er i byane folk skaffa seg elbil først. I dei aller mest sentrale delane av Noreg er meir enn kvar tredje bil av bilparken ein elbil. I mange distriktskommunar er elbilandelen framleis låg, på under 10 prosent.

No viser salstala for nye bilar frå januar til mars i år at tilhugen til å velje elbilar faktisk er høgare i distriktskommunane enn i byane

– Sjølv om elbilen har fått auka kjøpsavgifter frå nyttår så er framleis kostnadene for å bruke elbil mykje lågare enn for ein dieselbil. Salstala så langt i år kan tyde på at folk i distrikta forstår dette godt, seier Handagard.

(©NPK)

Publisert: 04.04.2023 11:12

Sist oppdatert: 04.04.2023 11:12

Mer om