Kort fortalt

Ekstraløyving til Redningsselskapet

Får tre millionar ekstra frå regjeringa.

NPK
07.05.2021

Redningsselskapet har fått ei ekstraløyving på tre millionar kroner frå regjeringa. Pengane skal brukast til ytterlegare styrking av tryggleiken til sjøs.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland overrekte fredag – på vegner av regjeringa – tre millionar kroner til Redningsselskapet og generalsekretær Rikke Lind. Pengane skal gå til drift av auka beredskap på sjøen i båtsommaren 2021.

– Nordmenn har lenge visst at det også i år blir noregsferie på dei fleste. Så er det slik at det går mot ein sommar med stadig fleire brukarar av sjø og vatn, som igjen vil bety eit ekstra trykk på Redningsselskapet. Regjeringa er opptatt av at dei skal gjere ein viktig jobb i denne situasjonen, og derfor foreslår vi ei eingongsløyving på tre millionar kroner ekstra, slik at dei kan ha litt meir ressursar til å drive det veldig viktige arbeidet sitt, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Redningsselskapet har allereie fått ein forsmak på kor travel sommaren vil bli. Fritidsbåtsesongen starta tidleg, og oppdragsmengda aukar no på Aust-, Sør- og Vestlandet.

– Tre millionar kroner er veldig mykje pengar for oss i Redningsselskapet. Så tusen takk til justisministeren og heile regjeringa. Dette er ei kjempestøtte til arbeidet vårt, seier generalsekretær Rikke Lind til TV 2 Nyhetene.

Publisert: 07.05.2021 15:38

Sist oppdatert: 07.05.2021 15:39