Kort fortalt

El-bil gir bompenge-hopp

Elbilistane gjev høgare bompengar for andre

18.07.2016
(NPK): Talet på elbilar aukar så snøgt at fleire bompengeselskap får store svikt i inntektene. Dei må anten forlengja bompengetida eller auka takstane.
Fleire bompengeselskap i Hordaland merkar godt auken i elbilar på inntektene, opplyser . Bompengeselskapet på Askøy vurderer å auka takstane, og bompengeselskapet på Bømlo har alt gjort det.
Dagleg leiar for Bømlopakka seier dei starta med 1.200 elbilar, og er no oppe i 12.000, og at dei ikkje greidde å følgja økonomiplanen utan takstauke.
I Bergen har delen elbilar som passerer bomringen auka frå 2,5 prosent til 10 prosent berre sidan 2014. Hardangerbrua AS har ikkje kome opp i like store tal enno, og ligg på rundt tre prosent elbilar, men stadfestar at dei merkar auken der òg. (©NPK)

Publisert: 18.07.2016 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45