Kort fortalt

Elbilar framleis like populært

Ein av tre vil velje elbil som sin neste bil.

20.04.2020
NPK-NTB: Det opplyser NAF. Delen held seg på 35 prosent som i fjor. Kvinner er meir positive til elbil enn menn.
Samtidig svarer 29 prosent at dei ikkje kjem til å kjøpe elbil, ifølgje ei fersk undersøking gjennomført av InFact på vegner av NAF.
Her har delen som er aller mest negative til å skaffe seg elbil, hoppa frå 12 prosent til 22 prosent sidan målinga i fjor.
– Dette kan bli ei utfordring for styresmaktene, som har vedteke eit mål om at alle nye bilar skal vere nullutsleppsbilar i 2025. Dei siste bilkjøparane kan bli vanskelege å nå, seier senior kommunikasjonsrådgivar Nils Sødal i NAF.

Publisert: 20.04.2020 08:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28