(NPK): Elbilistar køyrer òg langt, viser ei undersøking. 7 av 10 elbilistar køyrer over 12.000 kilometer i året, som svarar til 33 kilometer om dagen.
– Dette slår effektivt hòl på myten om at elbilen berre fungerer til korte turar, slår generalsekretær i Norsk elbilforeining, Christina Bu, fast.
Undersøkinga Elbilisten vert gjort årleg, og i år er 3.422 elbileigarar spurde. Eitt av spørsmåla er kva for køyreavstand bileigarane har forsikra bilen sin til å køyra på eitt år.
Færrast svara under 8.000 kilometer og over 30.000 kilometer, og resultata fordeler seg jamt mellom dei. 23 prosent har forsikra bilen til å køyra 8– 12.000 kilometer, 25 prosent 12– 16.000, 19 prosent svara 16– 20.000 og 18 prosent 20– 30.000 kilometer. (©NPK)

Publisert: 27.07.2016 10:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45