Kort fortalt

Elbilistar mest positiv til sjølvkøyring

Men mange er enno skeptiske.

17.07.2019
NPK: Meir enn éin av tre elbilistar er positiv til å reise med bilar som køyrer sjølv, medan av dei som køyre diesel- eller bensinbilar er berre éin av fem positiv til å ein dag gi frå seg rattet, viser ei undersøking frå NAF.
Mykje av teknologien som skal til for å få sjølvkøyrande bilar på vegane er på plass. I dag blir sjølvkøyrande bussar testa ut ulike stadar.
Elbilistane er dei som er mest positive til framtidsutsiktene, saman med gruppa som ikkje har bil. I begge gruppene er over éin av tre positive til å reise med sjølvkøyrande bilar.
– Mange som har kjøpt elbil er opptatt av ny teknologi og har eit positivt syn på teknologien. Dessutan er det ein del Tesla-eigarar som nok har fått smaken på sjølvkøyring, seier Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF i ei pressemelding.
Sjølv om nokre er positive til den nye teknologien, er det mange som enno er skeptisk. I undersøkinga svara totalt 48 prosent at dei var negative til sjølvkøyring.
– Folk er nok usikre på korleis det skal fungere i praksis, og om det vil vere trygt. Dei som testar ut sjølvkøyring i dag, har ein jobb å gjere for å sikre at teknologien er til å stole på. Sjølvkøyring kan på sikt bety nye moglegheiter for dei som ikkje kan køyre sjølv, og opne for nye former for mobilitet, seier Sødal.

Publisert: 17.07.2019 09:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33