Kort fortalt

Elleve vindkraftkonsesjonar i fare

Har ikkje sendt inn rette papira i tide.

04.12.2019
NPK-NTB: Minst 11 av 50 vindkraftprosjekt kan ryke fordi utbyggarane ikkje har sendt inn dei rette papira i tide til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).
NVE varsla førre veke at det ikkje vil bli gitt forlengt frist for å setje i drift nye vindkraftanlegg på land etter utgangen av 2021.
– For prosjekt som ikkje har sendt inn ein miljø-, transport- og anleggsplan, kan det bli krevjande å få prosjektet ferdig innan fristen, seier Rune Flatby, direktør i konsesjonsavdelinga i NVE til Klassekampen.
Ifølgje avisa er det elleve prosjekt som ikkje har sendt inn dei endelege planane til behandling hos NVE. Dei elleve utbyggingsprosjekta ligg dårlegast an fordi NVE har varsla at desse får lågast prioritet i søknadsbehandlinga.
NVE har i dag gitt konsesjon til 50 vindanlegg som enno ikkje er ferdige. 26 av desse er under bygging, åtte har fått godkjent alt nødvendig planarbeid, men ikkje starta bygginga, fem er til behandling, medan elleve har ikkje sendt inn endelege planar.
– Eg skal ikkje avlive nokon prosjekt, men dei elleve prosjekta lever farleg, seier direktør Øyvind Isachsen i bransjeorganisasjonen Norwea, for norsk vindkraft.
Isachsen er bekymra for at NVEs grense vil føre til stans i vindkraftutbygginga etter 2021.

Publisert: 04.12.2019 08:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31