Kort fortalt

Endeleg vedtak om Nerlandsøybrua

Vil ha tettare oppfølging neste gong.

Marius Rosbach
19.09.2022

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok måndag atfylkeskommunen kan inngå kontrakt med eit arbeidsfellesskap som består av Egersund-selskapet Bertelsen & Garpestad og Oslo-selskapet Metrostav Norge, om bygging av Nerlandsøybrua.

Det er sett av 826 millionar kroner til den nye brua mellom Bergsøy og Nerlandsøy i Herøy. Saka har vore utsett fleire gongar og i mellomtida har er blitt betydeleg høgre.

I vedtaket påpeika politikarane at dei føreset at «det ved framtidige kontraktar vert ein tettare dialog med marknaden. Gjennom bruk av til dømes innovasjon- og samspel som kan vere med å skape nye regionale arbeidsplassar og dempe den kraftige prisauken i prosjekta», heiter det i vedtaket.

Dei ber om tidlegare verdianalyse og reguleringsarbeid for å finne dei mest kostnadseffektive løysingane, heiter det i ei melding om vedtaket frå fylkeskommunen.

Publisert: 19.09.2022 13:12

Sist oppdatert: 19.09.2022 13:14

Mer om