Kort fortalt

Åtvarar om straumprisane

Kan gå «heilt bananas».

15.07.2022

(NPK-NTB): Viss ikkje Russland leverer gass til Tyskland får det store konsekvensar for dei norske straumprisane, slår energiminister Terje Aasland (Ap) fast.

Onsdag kveld varsla energiministeren at kraftprodusentane må rapportere særskilt fram til neste sommar om detaljar i vassdisponeringa.

– Magasinkapasiteten i Sør-Noreg bør sparast på. Vi har sagt tydeleg at lukene bør skalkast. No ønskjer vi ei detaljoversikt for å sjå korleis krafta blir brukt, seier Aasland til Europower.

Han håpar rapporteringa vil bidra til at det ikkje blir behov for straumrasjonering kommande vinter.

Ein usikkerheitsfaktor er korleis energikrisa i Europa vil påverke norske forhold. Statkraft-sjef Christian Rynning-Tønnesen åtvara nyleg om at Tyskland kan komme til å stanse eksport til vinteren, fordi landet vil trenge energien sjølv.

Gassrøyrleidningen Nord Stream 1, som går frå Russland til Tyskland, er for tida under vedlikehald og det er usikkert om Russland vil sende gass gjennom han, når det planlagde vedlikehaldet er ferdig – etter planen neste veke.

– Viss han ikkje kjem i gang, er det ein endå meir krevjande situasjon. Sjansane for at prisane då går heilt bananas, er veldig stor, svarer Aasland.

(©NPK)

Publisert: 15.07.2022 09:21

Sist oppdatert: 15.07.2022 09:34

Mer om