(NPK-NTB): Engelsk som arbeidsspråk går ut over tryggleiken, meiner fire av ti tillitsvalde i norsk industri og bygg- og anleggsverksemd. Det kjem fram i ei ny undersøking frå Språkrådet.
Undersøkinga viser at bruken av engelsk aukar risikoen for uheldige hendingar, både i industrien og i bygg- og anleggsverksemd, skriv Klassekampen.
Heile fire av ti tillitsvalde meiner at bruken av engelsk går ut over helse, miljø og tryggleik (HMS). I industrien svarar halvparten at engelsk fører til problem også for den interne kommunikasjonen og den interne effektiviteten.
– Når dei tillitsvalde seier at engelsk kan vere eit tryggingsproblem, bør ein ikkje ukritisk velje dette som arbeidsspråk, seier Åse Wetås.
Direktøren i Språkrådet håpar undersøkinga kan bidra til at bedriftene får eit meir bevisst forhold til når og kvifor dei snakkar engelsk. Språkrådet har tidlegare intervjua leiarar om korleis engelsk blir brukt i desse bransjane. Samanlikna med dei tillitsvalde rapporterer leiarane om mindre bruk av munnleg og skriftleg engelsk.
– Dette kan tyde på at valet av arbeidsspråk ikkje er så aktivt som det burde vere, seier Wetås. (©NPK)

Publisert: 07.03.2016 11:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47