Kort fortalt

Enklare for ingeniørar å bli lærarar

Regjeringa oppretter 350 nye studieplassar.

19.11.2015
(NPK-NTB): Plassane er i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) til universitet og høgskular i landet, retta mot personar med teknologisk eller realfagleg bakgrunn.
Opprettinga av studieplassane er ein del av tiltakspakken for arbeidsledige ingeniørar, som blei lansert i samband med neste års statsbudsjett, skriv .
Ved utgangen av oktober var 6.853 ingeniørar registrert som arbeidsledige hos Nav, og Rogaland er hardast råka med over 1.500 ledige ingeniørar.
Universitetet i Stavanger har fått tildelt 60 studieplassar i pedagogikk, av dei halvparten har oppstart like over nyttår. Universitetet har merka stor pågang av ingeniørar til sine PPU-studiar, men mange av dei har ikkje vore formelt kvalifisert til opptak – særleg på grunn av manglande studiepoeng innanfor matematikk.
– No kan 60 nye studieplassar og ei ekstra tilrettelegging gjere det enklare for ingeniørar å få plass på studiet, seier Odd Magne Bakke, instituttleiar for kultur- og språkvitskap ved UiS, i ei pressemelding.
Sjølv om det blir enklare for ingeniørar og andre med realfagsbakgrunn å studere pedagogikk, vil det truleg ikkje bli enklare å kombinere studiar med dagpengar. Hovudregelen er at den som er under utdanning eller opplæring ikkje har rett til dagpengar. (©NPK)

Publisert: 19.11.2015 14:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50