Kort fortalt

Enøk-råd for to millionar

Enøk-senteret skal hjelpe grossistselskapet Asko med å spare energi.

11.12.2015
Kontrakten for det treårige konsulentoppdraget er på minst to millionar kroner i følgje prosjektleiar Rune Slenes i Enøksenteret, eit dotterselskap i Tussa-konsernet.
Dette er ein av dei største avtalane Enøksenteret har inngått.
Enøksenteret skal levere energistyringsystem og gi generelle råd om energiøkonomisering. Målet er at Asko skal bli klimanøytralt innan 2020. Asko har 13 lager i Noreg.

Publisert: 11.12.2015 15:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49